- Hopperstad stavkyrkje -
Nok eit bilete frå dei mange kyrkjene i heimbygda mi. Biletet viser kyrkja med den karakteristiske sørgebøken på høgre sida.
Informasjon frå Fortidsminneforenigen:
Hopperstad-kyrkja blir rekna for å vera ei av dei eldste stavkyrkjene våre, truleg vart ho reist omkring 1130. I sitt lange liv har Hopperstad stavkyrkje opplevt både forfall og ei eventyrleg atterreising.

Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Hove kyrkje, bygd i stein omkring 1170. Dei to kyrkjene var gudshus for kvar si kyrkjesokn. I 1877 tok kyrkjelyden i bruk ei ny kyrkje, etter at dei to soknene var samanslegne. Begge dei gamle kyrkjene var no forfalne og framtida uviss. Arkitekt Peter Andreas Blix skulle bli redningsmann for båe kyrkjene. Han kjøpte Hove-kyrkja og restaurerte ho for eigne midlar i åra 1882-88. Fortidsminneforeninga kjøpte stavkyrkja i 1880 for 600 kroner, mot at kommunen fjerna alle tilbygg. Men det fanst ikkje pengar til den krevjande restaureringa. Blix kom med tilbod om midlar og gratis ekspertise. I åra 1885–91 vart kyrkja oppmålt, undersøkt og restaurert. Bortsett frå skipet og koret var kyrkja ribba for det meste, men Blix ville at ho skulle atterreisast i opphavleg prakt. Og han fekk det til, på grunnlag av undersøkingane sine og med tilsvarande stavkyrkjer som førebilete.

Saman med Borgund stavkyrkje framstår ho som den klassiske stavkyrkja, med stokkverk over stokkverk i fleire høgder.Vestportalen som omkransar hovudinngangen i kyrkja, høyrer til det ypparste innan norsk treskurd frå mellomalderen. Motiva er romanske, med ein planteranke som slyngar seg oppover frå gapet av eit udyr nedst på kvar av vangane. Motivet er kjent frå europeisk kunst.
Utstyr
  • FUJIFILM X-T2
  • XF16mmF1.4 R WR
  • Brennvidde16.0mm
  • Blenderf/8
  • Lukker1/100s
  • Nei
  • AnnetFrihand, ISO 200.
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriArkitektur
  • Lastet opp
  • Visninger47
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1095436} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (12)
Walter S.
Dette var turistreklame de Lux! Et vindu til Norge, og noe du burde legge ut på FB-siden til "Sons of Norway" i USA

Både kirken og bøketreet er godt plassert og balanserer hverandre. Nydelig bilde, Arild!

Mvh,
Walter
Keshav N.
Er helt enig med Walter her. Bilde minner meg om barndommens skoletur til Urnes stavkirke. Jeg setter også stor pris på å lese historikken om kirkene.
mvh Keshav
Avsluttet .
Her er en meget velkomponert dokumentasjon av et meget spektakulært byggverk med fine omgivelser. Kirken og bøken balanserer hverandre på en særlig fin måte. Her er også fine farver og god skarphet. Det er interessant å lese teksten som ledsager bildet. vennlig hilsen Kjell Øyvind
SveinM M.
Interessant fortelling i ord og bilde! Liker! :)
Ragnar S.
Kirke som på en måte har gått under radaren hos meg. Flott presentert av deg her. Lys og utsnitt "sitter".
Dessuten bra med fyldig og informativ tekst.

Mvh Ragnar S
Kjell H.
Vakkert sted, bygning og bilde av det hele. Interesssnt beskrivelse
Trygve B.
Her har du komponert bildet svært godt. Kirken har et klart fokus. De litt gule markene skaper en fin kontrast. De gir et perfekt liv til bildet. Et kunstverk ble dette. Litt usikker på treet, det er ok at det er der, men stjeler det litt for mye oppmerksomhet. Jeg bare spør.
Roar K.
Skikkelig bra turistreklame du presenterer her i fint utsnitt og stavkjerka perfekt plassert i kompen.

Roar
Arild T.
Takk til Walter, Keshav, Kjell Øyvind, Svein, Ragnar, Kjell, Trygve og Roar for kommentarer!

Trygve: Takk for ditt innspill! Jeg har prøvd å beskjære bort treet, men formatet på bildet ble ikke så bra.

Hilsen Arild
susanne j.
Virkelig smukt det her også med det fine store træ..dejligt motiv Mvh Susanne
Jostein S.
Hei
Dette var et svært VAKKERT bilde Arild
Og ikke minst den interessante historien som følger med
Dette er et kulturminne av de skjeldne. Regner med det er mange skuelystne som besøker denne flotte stavkirken
Fantastisk flott komposisjon og herlige, lyse fine farger
Arild T.
Takk til Susanne og Jostein for kommentar!

Hilsen Arild
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu