Våtedalen
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2005-03-31 10:42:41
    Versjon #2
Utstyr
  • Canon EOS 20D
  • Sigma 18-50mm
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriNatur
  • Lastet opp
  • Visninger273
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_127072} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (8)
Eirik H.
Våtedalen er ein fantastisk stad for fotografi, men det er krevjande å avbilde dei flotte trea og dei høge fjella samstundes. Det er lett for at trea forsvinn i dei mektige fjellsidene.

Eg synest du har løyst dette på ein grei måte. Kontrasten mellom trea og fjellet er stor nok til at begge er tydelege. Komposisjonsmessig synest eg det blir noko tomt i venstre halvdel av biletet. Men alt i alt eit fint bilete frå Våtedalen.

Dersom du har høve til å vende tilbake, så er tuene og torva på bakken flotte som forgrunn til eit meir klassisk landskapsbilete. Masse fine detaljar å feste blikket på, men kanskje for mange for 20D.
Marion N.
Ja våtedalen er ein flott plass. Denne gangen vart det berre ein litt ''tilfeldig'' stopp, men eg såg fleire plassar som innbydde til fotopauser. Takkar for kommentaren, kanskje eg tar meg ein tur tilbake og festar andre detaljar til minnebrikka ved ei seinare anledning (men det vert nok med 20D)!

Mvh Marion
Eirik H.
20D er eit veldig bra kamera, men det har ikkje høg nok oppløysing til å fange alle fine detaljar i eit landskapsbilete som dette. Dersom du opnar den høgoppløyselege fila av dette biletet vil du sjå at dei ørsmå detaljane i fjellet gror igjen. Dette er spesielt synleg etter oppskarping. Dette treng ikkje å være eit problem, og på normal synsavstand ser bileta frå 20D bra ut, så du må ikkje lese min kommentar slik at eg frårådar deg å bruke 20D :)
Marion N.
Neida, eg tolka det ikkje slik, ser no at den siste setninga mi kanskje var litt klønte formulert...... Veit at du nyttar mellomformat (?) og er vant til at betre detaljgjengivelse, men for meg er nok 20D et kamera eg vil vere nøgd med lenge:) Har enno tilgode å sjå bildene på papiret, kameraet er nytt og eg har ikkje fått kopiert opp bilder enno.
Mvh Marion
Eirik H.
Eg brukar både mellomformat og storformat, men eg har og ein 20D. Det er eit fint kamera som du vil får mykje glede av. Eg tar sikte på å bruke det mest til by- og gatebilete, men du kan fint bruke det til naturbilete og.

Vær rask med å få bileta på papir. Gjerne dette. Ein ser biletet på ein heilt annan måte når det kjem på papir.
Dag T.
Hm, jeg er ikke helt fornøyd med komposisjonen jeg heller. Det lyse feltet oppe til høyre trekker litt mye oppmerksomhet. I tillegg går greinene litt for mye i ett med fjellveggen bak. Det er dårlig gjort, men jeg ønsker meg litt tåke i bildet for å markere treet bedre :-)
Eirik H.
He he, tåke skal ikkje være vanskeleg å få i Våtedalen Dag. Derav namnet. Det du påpeiker er nettopp difor det er så vanskeleg å avbilde desse fantastiske trea som veks (og råtnar) i denne dalen. Difor synest eg Marion har gjort ein relativt bra jobb her med å skilje treet og fjellet. Men det kan sjølvsagt bli betre under andre forhold.
Marion N.
Dag: Eg la vekt på å få fram treet under redigering, men dette var det beste eg fekk til. Himmelen hadde ogå ein tendens til å verte lys, dette er et kompromiss der ein vertfall ser skilje mellom himmel og fjell.... Kanskje ting kunne blitt betre dersom eg redigerer himmel og fjell/forgrunn for seg, men så avansert er eg ikkje enno:( Litt tåke hadde nok gjort det heile lettare, ja. Denne dagen kunne eg kanskje løyst det betre ved å ikkje ta med himmelen i det heile tatt.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu