Farvel til eit kamera (2)
Kanskje treff eg ei gammal dame der oppe på fjellet, ei gammal dame på min eigen alder, ei som er ekte oppteken av fototeknologi akkurat som meg meg?
- Goddag gamle dame som eg treff på fjellet i dag – vil eg seie til henne da
- Goddag mann som går tur på fjellet! seier ho nok da, og eg legg merke til at ho skuler
ned mot objektivet mitt.

- Kva er det du har der? Seier ho

- Å, . . seier eg byrgt, det er 500 millimeteren min det eg har der! Og da
vert ho interessert skal du sjå.

- Hå! seier ho, femti centimeter! Får eg sjå den? seier ho nok

- Ja, seier eg

- No? Seier ho utolmodig og flytter seg nærare. Og eg eg kjem til
å kjenne kor det sitrar av pur fotoglede mellom oss der oppe på
fjellet

- Ja kom du berre! seier eg

- Å ja, seier ho og flytter seg enda nærare. Auga er oppspilte – nasa vibrerer, det er nok ikkje kvar dag den dama heller får sjå det nyaste nye innan kamerateknologi tenkjer eg da.
Og så dreg eg nok fram det store og flotte objektivet mitt for å vise det til henne. Da vil ho sikkert måpe av undring og tenkje at det må vere litt av ein kar som har slikt i lomma.

Men så vert ho truleg så underleg i andletet
- Kva er det der? Kjem ho til å seie og spile opp auga slik eg aldri hadde trudd kunne gjerast.

- Å dette, seier eg da, litt påtatt nonchalant, dette er den nye Scheick Isclacthon 11 – 500 mm f:2,0 linsa mi det, seier eg, den har optisk stabilisering og automatisk motivfinnar frå hemmelegaste amerikanske våpenteknologi, seier eg - stolt. . . . .og legg til: Den har innebygd sveitsarkniv med broderisaks og potetopptakar også . . . . . . . . . . og dama ler, og ho ler og ler. Og eg kjenner kor objektivet zoomar ut frå 500 til 11, og ho ler og ho ler enda meir – og ho ler seg skakk gjer ho sikkert dama på min eigen alder der oppe på fjellet. Og eg, eitt sakeslaust offer for hennar lattermildheit står der med lommene fulle av dei finaste objektiv – og ei gammal kone på min eigen alder som har ledd seg skakk og ska. Og du skal sjå: Eg er nok den som må bere henne ned frå fjellet med bukselommene fulle av høgteknologisk glas og elektronikk. Ja, og sveitsarkniv også.

Nei, eg har ikkje rygg til spegelreflekskamera eg. . . . .
Bildet inngår i albumet på leit etter vår -
Utstyr
  • Nikon Coolpix 4500
  • ja, men utan zoomknapp
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriLandskap
  • Lastet opp
  • Visninger438
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_179375} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (2)
Per Ove H.

Stemngsfullt og fint bilete. Det eg ser som spesielt med dette biletet er det også fungerer som eit vindu til ei tid som var. I alle fall kan eg ikkje sjå noko her som ikkje også kunne vere med for femti eller seksti år sidan.

Teksten er fornøyeleg og viser at du ikkje treng råd når det gjeld nytt kamera.

Mvh
POH
Torgeir H.

Stemningsfullt og fint utnsnitt. Legger egentlig inn kommentar for å skryte av den morsomme historia under!:)

T.H
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu