Den gamle kona i Beograd
Ei eldre kvinne stavrar seg med dødsforakt over den sterkt trafikkerte firefelts gata. Ho har peiling mot ein søppelcontainer, let korkje raude lys, eller tutande bilar uroe seg. Ho når fram til containeren, «overskottslageret», som i beste fall kan gje henne ein halvspist pølsebit og eit stykke brød, . . . men ho når ikkje opp, . . . ho er for lita, klarer så vidt å få den eine handa opp på kanten medan ho stør seg oppgitt til staven. Eg ventar lydig på grønt lys før eg følgjer etter.

--

Same kvelden, eg er på veg tilbake til hotellet etter eit godt måltid på «Restaurant ?», «Znak Pitanje», i Kralja Petra, staden der «alle» vi turistar må innom. Eg stoppar ved ei salsbod på eit feststemt torg, Postkortseljaren vil prate med framandkaren, han vil prate om krigen, den seinaste krigen, den som vi sende våre bidrag til. . . Eg vil betre samvitet mitt: Vi har alltid hatt gode samband med ditt folk, seier eg, . . . . dei jugoslaviske krigsfangane . . . . hjelpa dei fekk . . . det norske folk . . . og så har vi jo Thorvald Stoltenberg! Sa eg, sikker på at den, den kunne han ikkje stå for. Ja, sa han, du har rett i det, Stoltenberg har de, men så har de òg Marti Attisari, la han til med ei trist, oppgitt mine. Men han er da finsk – og ikkje norsk! Protesterte eg. Mor hans var norsk, sa postkortseljaren.
Før eg gjekk vidare kjøpte eg kort som viste korleis flya våre hadde pynta på husa i byen hans.

- - - - -

Ved søppelcontaineren fiska eg fram ein pengesetel, bretta den saman og stakk den i handa til den gamle dama. Ho såg forundra på handa si, så på meg, men eg hasta vidare opp Nemanjina-gata og forsvann rund første hjørne - det fortaste eg klarte, . . . . skamfull over meg sjølv, skamfull fordi eg hadde behandla den gamle slitaren som ein tiggar – og skamfull fordi eg eg ikkje gav henne meir enn den vesle setelen som ho fekk.

- - - -

Til Beograd kom eg med toget frå Istanbul seint på kvelden; naturen spelte opp med eit natosk fyrverkeri av lyn og tore: Slik måtte det ha sett ut da vi hjelpte dei av med bruer . . . . og liv, så vakkert . . . . , så vakre fjerne drønn, . . og slikt eit nydeleg lysspel over himmelen, skyene, husa og over åsane rundt. Det må ha vore ei velsigning for dei. .
. . . .

Når eg skriv dette er det -3ºC i Beograd, . . . dagane eg var der var det nærare 40 pluss. Skal tru om den gamle dama lever enda, skal tru om ho har varme i husværet sitt – om det er mat å skaffe no som vi turistane har reist heim?
. . . .Og skal tru om eg såra henne med mitt billige samaritanstunt . . . . .

Eg har ikkje bilde av kvinna, så rå er eg da ikkje . . . . .
Bildet inngår i albumet Beograd -
Utstyr
  • Olympus E-330
  • Olympus Zuizko Digital 14-54 1:2.8-3.5
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_294630} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (0)
Vær den første til å glede fotografen med en kritikk på dette bildet!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu