Konraden 2008
Prøve framleis å ta gode bilder av kronhjorten ''Konrad''.
Har framleis ikkje godt nok objektiv til optimale ''Konrad-bilete''. Her er brukt 800 iso
Bildet inngår i albumet Hjort - Her er mykje hjort i området. Desverre har eg ikkje gode nok linser til å få optimale bileter av dei.
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2008-03-24 17:46:22
    Versjon #2
Utstyr
  • -
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriDyr
  • Lastet opp
  • Visninger207
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_309405} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (5)
Arnold H.

Hei Gunnn-Bente

Kanskje du kan prøve med fjernkontroll, sette opp kameraet og håpe på det beste? Eller kanskje du kan prøve å lokke den til deg med simlelydar. Neida... :-) Ikkje lett å komme inn på desse.

Dersom oppløysinga tillet det, kunne du kanskje beskjere bildet ein del - spesielt på høgre sida, for å framheve Konrad - kanksje... Eg synes bildet har god djupne, og er er godt eksponert. Ein dag kjem du nær nok, så stå på.

mvh
Arnold
Geir H.

Flott foto knipset i rette øyeblikk!
Veit ikkje kva objektiver du bruker, men det ser no ut som om du er nær nok, spør du meg. Ser 12 taggeren har merket at du er der, godt gjort synest eg å klare trykke inn avtrekkeren før han er borte vekk....
Ville kanskje funnet fram saksen og tatt bort litt både over og til høgre, sjå korleis det blir, då..

Geir..


Reidar N.

Fyttigrisen for ein sværing. Trur eg må ha meg ein tur til Hatlestranda på fotojakt snart. Iso 800 må nok ta skulda for korna i bildet. Har ikkje du ein D70? Eg har same kameraet og den er vel ikkje lenger heilt ''up to date'' på høg iso. eg kjører kun på 200. Og gode objektiv får du i butikken. Kanskje ikkje hos Erlingen, men det finst andre butikkar. Løp og kjøp. Eit greit bilde som lir litt under tekniske svakheter som du sjølv antyder.

Ha ei fortsatt god påskehelg.

Reidar
Gunn-Bente S.

Hei og takk for tilbakemeldingane.
Som de ser har eg no lagt inn ein ny versjon av ''Konraden''.

Geir:
Denne kronhjorten har 13 taggar (fire oppe i den eine krona) me trudde faktisk at han no hadde fått sin 14 tagg for han går no på andre (eller er det tredje) året med 13 taggar.

Reidar:
Ja, eg har ein D70....så er spørsmålet om eg skal bytta til eit nyare Nikon (D300) eller eitt betre objektiv.... eller berre håpar på at eg kjem nærare innpå ved neste høve ;-)
Som du ser på det nye bildet eg la inn i dag, har me hatt ein Musvåk på Stølen i vinter, denne har eg òg slete med å få bra bilder av....(kanskje du har lese om det i Bygdadrøso, dei bilda var elendige, men fekk duga kun som dokumentasjon). Så her er nok av fotomotiv...og det er berre å pakka fotobaggen og besøka ho mor :-D
Reidar N.

D300 er nok ein del bedre på høg iso, men D70 er eit heilt utmerket kamera ellers. Det tar teknisk gode bilder undet dei fleste forhold. Har sjølv brukt den sidan eg starta med digitalfoto. No veit eg ikkje kva objektiv du bruker på hjorten, dei fleste objektiv som blir solgt i dag er jo egentleg brukbare. Er dette bildet eit utsnitt frå bildebrikka? Dersom det er det vil du jo også misse mykje kvalitet på bildet teknisk. Ein annan ting er støtte på kameraet slik at det er skikkeleg i ro i eksponeringsøyeblikket. 2-punktstøtte er det desidert beste, under kamerahus og objektiv.
Eg har ein eldre fast nikon 300mm f4. Kjøpte den brukt den tida eg brukte film. Veldig bra linse, men også den krev at alle forutsetninger er til stades for at bilda skal bli bra. Uansett kor dyrt og svært kamerautstyr ein har så er det dei same lovene som gjeld for at bildet skal bli vellykka.

Reidar
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu