Kastanje.
For meg har treet alltid vore der. Kvar dag ser eg det gjennom heile året. Det skiftar utsjånad med ver og vind, lys og årstid.
For om lag hundre år sidan kom du til gards, ei kastanjenøtt i lomma til bestefar min.
Du skulle i grunnen aldri vore her. Dette er ikkje din plass, til det er veret for hardt.
Då eg oppdaga deg, var du ikkje imponerande.
Du stod der med nakne greiner, lutande mot aust.
Men når våren kom, var du alltid med godt mot. Store kastanjeblad falda seg ut for å samle kraft frå sola. Du vart tunglasta på lesida, og blada var også større der. Det var som du venta på sydvesten, og du tok aldri feil. Sydvesten let versida stå skada tilbake, sundreve av regn og vind, berre stilkar og gråsvarte restar var att av blada.
Like sikkert, etter nokre dagar dukkar nye emne opp. Dei er mindre denne gongen, lysare i fargen før dei mørknar, men dei gjer nytta.
For om lag ti år sidan, fekk du ein ny vår. Tre kvite blomar strekte seg mot himmelen som juleenglar på lesida.
No står du der med blomane på austsida, klok av skade.
Du er eit tre med stor vilje og livskraft.
Etter kvar sydvestbye er det påatt på nytt.

( Inspirasjon frå Eva Pleym Lund.)
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2009-05-24 12:27:41
    Versjon #2
  • Lagt inn: 2009-05-24 20:38:05
    Versjon #3
Utstyr
  • Canon EOS 400D
  • Canon EFS 17-55mm f2.8 IS USM
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriNatur
  • Lastet opp
  • Visninger144
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_399290} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (13)
Isidoros P.

Hei Odd
Jeg fikk lyst å sette meg under den kastanjen med en god bok , etter en tur i område en varm dag i dagene som kommer...:)Bra tekst er det også.
Thore L.

En god historie om et fint tre som i mange år har trasset vær og vind. Det kan jo være tøfft vær på dine trakter, noe som vi kan se tydelig på dette treet.
Thore
Eva Marie P.

ååå så kry eg blir for at eg kan være en inspirasjon for noen, eg blir nok ikkje å lande på ei stund...
Flotte ord om treet som eg forstår har vært en del av livet ditt,lenge. Det er et imponerende tre. Det vises både på bilde og i ord. Det har bitt seg fast og "stått han av" som vi sier lengre nord. Vanskelig å forestille seg at det har vært en nøtt i bestefar sin lomme...han har satt sine spor, bestefaren din, blant annet i form av et fantastisk tre. Og sikkert mye annet også.
klem fra meg
-epl

Venche J.

Jeg så på treet ditt før i dag, men siden jeg skulle ut for å handle så fikk jeg ikke tid til å kommentere det da.
Flott historie knyttet til treet, som står der - bare på trass, eller kanskje av kjærligheten det en gang ble plantet med.
Vakkert og frodig er det.
Wenche.
Arnold H.

Blir du også inspirert av Eva?
Naturen er dyktig. Eg hugsar der eg voks opp. Naboen planta nokre graner. Ei av dei stod på austsida av huset - tett inntil og ved hjørnet mot syd. Greinene som voks og vart så lange at dei stakk forbi nova, stoppa veksten der - omtrent som dei var saga av - alle like lange. Kvar det var? Åja, Hoddevika på vestsida av Stadlandet.

Eit imponerande tre - tydeleg merka og tilpassa av veret. Det var også ei interessant historie. Enkelte handlingar set meir spor enn andre. Flott presentert.

mvh
Arnold
Per Harald G.

Ja, merka av livets hendingar blir vi vel alle, meir eller mindre, -nokre meir enn andre.

Historia di, -saman med bildet av det vindskeive kastanjetreet, var fin, syns eg.
Håvard F.

Flotte ord om treet ditt Odd Einar.
En god historie som får en til å stoppe opp. Blir sittende å studere kastanja di.
Har en liknende historie hvor svigers tok med seg ei kastanje opp nordover og planta den. Den lever ennå og er litt "min" hvis du forstår.
Bildet ditt og historien din passet bra sammen med en kopp kaffe nå ;)
Ha en fin dag.
mvh
Håvard
Odd Einar F.

Eg takkar alle for kommentarane. Det er litt spesielt dette treet. Når ein studerer det er det nesten så ein kan tru det er to tre i det eine. Vestsida kan nesten oppfattast å vere til vern for den produktive delen av treet. Eg trur at årsaka til at det starta å blomstre for ti år sidan er den generelle klimaendringa, men også leplantinga på øyane som har heva bakketemperaturen og senka vindstyrken i området nærast bakken.
Hestekastanjen er kjenneteikna med svært store blad som ikkje er konstruert for sydvest kuling. Dei toler svært lite.

Odd Einar.
Avsluttet .

Nydelig tre med vakker inspirasjon, flott skrevet, gode sunnmørske farger, ikke bare der det blomstrer da

:http://ordinaryoslo.blogspot.com/2009/05/na-blomstrer-kas...-alle.html

:http://no.wikipedia.org/wiki/Hestekastanje

Mvh. Wind 8~))
Odd Einar F.
+1
Tusen takk Eivind for tilbakemelding og hjelp. Odd Einar.
Avsluttet .

Spennende med lys på treern, vakker der den står, rykende ferskt bilde.
Mvh. Wind 8~))
Odd Einar F.
+1
Takk for tilbakemelding, Det skifta litt karakter med meir lys inn mot blomsterstandane. Odd Einar.
krit k.

Hei,Odd Einar først takk for din kommentar,kastanje Grønn flodig vakert tre som skrå mot venstre.
Mvh.Krit.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu