Kjeldsund
Frå handelsstad og gjestgivarstad, tingstad og husmorskule, til Kjeldsund ungdomssenter.


Ved den gamle fjordemannsleia ligg staden idyllisk til, mellom holmar og skjer, fjord , fjell og skog. Med eiga lun båthavn, der sjøen går heilt inn til tunet.


Her har vore handelsstad frå før nokon veit. Her gjekk dåtida sin hovedvei med dei mange større og mindre båtane som traffikerte og var så viktige for alle.

Kjeldsund hadde i gammal tid svært mange bygningar. Forutan Hovedbygning og bor`stove var det mange typar naust, eldhus, stabbur og bakeri, smie, låve m/ fjøs og endå meir. Staden utmerkte seg også som gjestgivarstad.

Det heiter i 1800 at Kjeldsund var: " Et meget bekvemt Handel og Giestgiveri - sted". Det var jamnast rett til både skjenking og sal av drikkevarer. I 1853 frarådde komunestyret i Herøy denne praksisen med den grunngjeving at : " der er noget særeget ved denne vahresort, at jo mere der gives anledning,desto mere vil der blive af samme forbrugt ". Men ikkje før århundreskiftet vart det slutt med skjenkinga.

I mange år var det også tingstad på Kjeldsund. I tinget kom skrivar og fut og andre rettsfolk. Desse bodde på staden dei 2 -3 dagane tinget stod på.

Frå 1804 var Kjeldsund postopneri, det fyrste og einaste i Herøy. Her vart også Herøy og Rovde Sparebank stifta. Det var i 1843. I 1918 vart namnet endra til Herøy og Leikong Sparebank.

Brann: 1926 vart eit " katastrofeår" i Kjeldsund si historie. I ein storbrann som starta kl.03.30 den 4. oktober, strauk hovedbygninga med, saman med sjøbua, bor`stova og fleire andre hus. I åra som fulgde vart fleire av bygningane reist att,og handelsverksemda heldt fram endå ei del år.

I tidsbolken 1948 til 1955 leigde Sunnmøre Husstellskule heile staden her og dreiv då husmoskule. Handelstradisjonen i Kjeldsund var no ute for godt. I og med at veiane vart fleire og betre, bilane vart det stendig fleire av, ja då minka det på nyttetrafikken på sjøen. Kjeldsund vart då stendig mindre interessant som handelsstad.

Men no kom Det Norske Misjonsselskap inn i bilete. Der var det framsynte personar som såg for ein fantastisk leirstad dette kunne vere. Dei fekk kjøpe Kjeldsund av dåverande eigar Helge Hovlid, heilt i byrginga av 60 talet.

Sidan då har denne naturfagre staden , som det er, vore samlingsstad for born, unge og eldre, der bodskapen om Jesus har vore og er det mest sentrale. Dette er i dag ein av dei mange leirstadane som NMS har i Norge, og som berre på Kjeldsund samlar hundrevis av born og unge kvart år.

Utstyr
  • Sony ILCE-7M2
  • Sony FE 28-70mm F/3.5-5.6 OSS
  • Brennvidde28mm
  • Blenderf/9
  • Lukker1/100s
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriArkitektur
  • Lastet opp
  • Visninger21
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1037848} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (0)
Vær den første til å glede fotografen med en kritikk på dette bildet!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu