Rasmusgarden på Uksnøya
Legger ved litt info om stedet, skrevet av min bror Svein Magne Harnes:

"Ytst mot nord i gamle Bergenhus stift ligg Uksnøyholmane, eit arkipel av øyar, holmar, viker, skjer og grunner - ei uthamn gjennom århundra og med busetjing i tusen år.

TUNET
Å stige i land på Uksnøya er ei vitjing inn i fiskarbondens rike, der velbrukte, men tause tun ber vitnemål om strevet for grøde frå jord og hav, hausta inn under ein høg himmel. Det er grønt og lyst og flidd kring tunet, som i dag er godt ivaretatt. Det er tydeleg lagt ned mykje arbeid i å vøle dei forskjellige bygningane; våningshus, låve, stabbur, røykstove, naust osv. Det kvite våningshuset er bygd i 1876.

Den vestlege delen av den gamle røykstova er det eldste huset i Møre og Romsdal som framleis står på sin opphavlege plass. Delar av bygningen er truleg frå 1400-talet! I huset var det opphavleg åre midt på golvet og ljore i taket.

SAGAEN
Uksnøya har ei lang og spennande kulturhistorie, og er i skriftlege kjelder nemnt første gong i sagalitteraturen (Baglersagaene): 20. april 1206 overnatta baglarkongen Erling Steinvegg på Uksnøya på veg til Trondheim, i hærtog mot Nidaros og i kamp om kongetittelen i Noreg. Sagaen fortel at Erling fikk vite nytt frå Nidaros under opphaldet på Uksnøya, og at skipa hans neste morgon sigla innafor Harøya, Lyngværet og vidare nordover. Men eit par skip sende han ein avstikkar inn til Veøya for å ta kontrollen over eit langskip Birkebeinarane heldt på å byggje der inne. Dette må bety at det alt den gong var busetting på Uksnøya - og at det var eit vitalt samfunn, der kunnskaper og nyheiter vart spreidd.

På 1500-talet hadde øya eitt bruk og brukarane var sjølveigande og velståande. Frå 1626 vart det delt i to bruk. Kjelder viser at buskapen i 1714 var 16 kyr og ein hest, i 1773 på den eine garden 1 hest, 10 storfe, 5 sauer og 2 grisar. Det var registrert 16-20 fastbuande i ulike folketeljingar på 1800-talet. Seinare budde det tidvis opp mot 25 menneske på dei to bruka på Uksnøya. I 1906 vart Uksnøya delt på midten; Rasmusgarden fekk det som låg i vest, medan Knutgarden fekk området i aust. Utmarka var felles for gardane. Langstrakte steingardar vitnar om dette.

DÅD OG DRAMA
Uksnøya var truleg frå gammal tid uthamn for seglskuter (på same vis som Lyngværet), der skutene ankra opp på reden i påvente av rolegare ver over Hustadvika eller Stadt. Det finst mange forteljingar og segner om skipstrafikk, uver, forlis, dåd og drama langs desse utholmane. Godt kjent er Stry-saka, då barken «Albion» av Scarborough forliste utanfor Uksnøya 27. oktober 1830 og uksnøyfolket berga mannskapet på heroisk vis. Men i kjølvatnet følgte ei 12-års rettssak, fordi menn frå Aukra (inkl. Sandøy) og Haram herad vart klaga for å ha stole frå lasta.

Elias Marøy fortel fleire dramatiske historier etter bestefar sin, som var los, m.a. ein gong der eit heilt mannskap etter forlis i falla ei stormnatt vart berga inn til Uksnøya - medan dei dagen etter fann jekteskipperen i live, han hadde bunde seg til stamnen.

Skipstrafikk og sjømannskap gjorde at losverksemd gjennom tidene var ei viktig "attåtnæring" for fiskarbonden på Uksnøyholmane, og losane på Uksnøya, Marøya, Røsok og Steinshamn konkurrerte om oppdraga.

LIVBERGING
Rasmus Løvøy, som var den siste som flytta frå øya (1958), har fortalt at livberginga var det dei kunne hauste frå hav og land: All slags fiskeri og særleg satsing på flyndrefiske og hummarfangst. Seks-sju melkekyr, hest, opptil 70 sauer, eggsanking og dunsanking. Det vart tørka mykje fisk på berga, og sal av denne i tillegg til hummar og smør ga inntekter. Det vart også spadd torv på lyngheiane på holmane.

Kornbingen i stabburet var velfylt av både havre og bygg, som vart dyrka på øyane her. Her stod kornåkrar. Av kornet vart det mjøl og grovt brød. Av byggen vart det også brygga to gonger i året; til slåtten og til jul. Dei hadde handkvern til maling av kornet. Det kom til og med folk frå Harøya for å bruke denne kverna, endå dei hadde kvern driven av vindkraft der.

VILLSAU
Det var altså samanhengande busetnad og beitebruk på desse øyane frå mellomalderen og heilt fram til 1958, då dei siste fastbuande flytta til Harøya. Etter 1958 var det ein periode med sommarbeite på øya, og ein periode med opphøyr i drift. I 1993 tok heilårsdrifta med gammalnorsk sau til, og det er i dag om lag 110 sau på vinterbeite på øya, og mellom 200-250 sauer og lam på beite i sommarhalvåret. Lyngsviinga tok til igjen i 2006, og kystlyngheia er i dag i god hevd.

Uksnøya fekk i 2004 kulturlandskapsprisen frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, mellom anna for sitt pionerarbeid for gammalnorsk sau og ivaretaking av kulturlandskapet med biologisk mangfald.

……..

Fakta om Uksnøya:
3 km lang og 0,5 km på det breiaste. Flatemål litt over 1 kvadratkilometer. Øya vert landfast med fleire store holmar når det er fjøre sjø, og då vert ho bortimot dobbelt så stor. Høgaste punktet ligg 23,5 meter over havet. Utgrynn fjøre omkring øya ga vanskelege hamnetilhøve for større båtar. Uksnøya fekk telefon i 1913 og elektrisitet i 1953."
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2018-07-30 19:10:11
    Versjon #2
  • Lagt inn: 2018-07-30 19:10:38
    Versjon #3
Utstyr
  • NIKON D5300
  • Nikon 24.0-85.0 mm f/3.5-4.5
  • Brennvidde48.0mm
  • Blenderf/16
  • Lukker1/1000s
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriLandskap
  • Lastet opp
  • Visninger32
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1091995} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (5)
SveinM M.
Flotte bilder fra denne interessante øya! Fyldig følgeinfo gjør det hele desto mere interessant! :)
Harald N.
Enig med SveinM her.
Mvh Harald
Agnar H.
Mange takk til SveinM og Harald for interessante kommentarer med fyldig følgeinfo.
Arild T.
Gode bilder av både deg og plassen, men følgeinfoen var interessant lesning for meg. Har lest teksten to ganger, ikke for at jeg er tungnem når det gjelder å oppfatte innholdet i en tekst, men det er en ypperlig skildring av historien til denne plassen. Du får hilse til Svein Magne fra meg og rosa han for informativ og interessant tekst som er ført i pennen på en god måte!

Hilsen Arild

Agnar H.
Takk til Arild for kommentar. Jo, skal hilse Svein Magne og gi han ros. Som journalist må han være skrivefør :-)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu