Eg såg tidleg at det var noko på gong. Kona la seg ut, til ho etter omlag ein god månad var tilbake til opphaveleg fasong. I og med at eg matar fuglar, så såg eg dei nesten kvar dag.
For nokre dagar sidan såg eg ungane for første gong. Eg har sett to samtidig, så det nå vera minst to.. Utelivet er nok hovudsakleg i den mørke og halvmørke tida av døgeret. I dag vart ein liten luring observert midt på dagen. Han (ho) kjende angst når eg nærma meg og laga seg til ball. Eg venta med kamera i minst ein times tid, men ballen låg like stille. Nokre avsalta peanøtter gjorde susen. Etter nokre minutt kom nasa fram og snusa. Matlysta tok overhand, og han aksepterte meg på eit par meters hald. Eg kopierte foreldra inn på bildet. Det ''måtte'' speglvendast for å hjelpa komposisjonen. Ungen er ein 15-16 cm. lang . (Sjå bilde nr. 113657 )
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_111448} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Mvh Stig