Ei oppskrif på korleis ein får minst 333 treff på eit uinteressant bilde ;-)
Sjå første kommentar.
PS. Eg har hatt det moro ;-)
Utstyr
  • -
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • AnnetCut & Paste
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriMennesker
  • Lastet opp
  • Visninger323
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_17354} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (16)
Arvid B.

Eg har alltid vore interessert i kva som styrer menneska sine val. Her på foto.no er det stor skilnad på kor mange treff ein kan rekna med for dei ulike typar bilder. Alkohol, kvinner og sex ser ut til å vera populært. Det er sjølvsagt unntak. Folk som har publisert bilder med høg kvalitet tidlegare kan og rekna med mange treff. Eg har og lagt merke til at bilder som får mange kommentarar tidleg, har lett for å lokka folk innafor døra. Folk med naivistisk bildesyn (slik som eg), klarar på gode dagar å lokka 100-200 innom. Ein stor del av desse er sikkert folk med liknande preferansar som ein sjølv. Det er jo kjempemoro å få visa bilda sine til så mange interesserte tilskodarar! Ein faktor som sikkert òg er viktig, er korleis det vesle presentasjonsbildet vert.
Eg var Stavanger før helga for å halda eit føredrag om online-tilkopling av instrument på eit laboratorium på eit kjemikarseminar. Etter eg hadde teke meg ein dusj før middagen, såg eg at eg hadde 10 min. til overs. Ein tanke slo meg. Korleis ta eit tilfeldig uinteressant bilde og få 300 treff på eitt døgn utan å koma med feil opplysningar i underteksten. Eg tok nokre bilder ut hotellvinduet med om lag eitt sek. lukkartid. Apparatet fekk ymse rørsler og eg peika lit hit og dit. Så gjekk eg og åt.
Bildet eg valde ut, fekk titelen: ”Stavanger by night -- Etter in fuktig tur på by'n -- Det går rundt for meg ;-) -- KONKURRANSE!!”
Eg kan stå for alle utsagna. Helge (vår kjemiingeniør) og eg hadde teke oss ein tur på by’n og kjøpt oss ei flaske Cola og eit par boller og det var regn i lufta. Det gjekk litt rundt for meg for å få til sirklane på bildet. Eg laga ein liten teknologisk konkurranse som eg av og til gjer ;-)

På laurdags føremiddag (verst mogeleg tidspunkt for å få mange treff) vart kunstverket ført over til foto.no sin server. Eg var klar til å gjera ein liten innsats for å skubba i gang treffa og talet på kommentarar. Eg forsto snart at eg trengde ein medsamansvoren for ikkje å måtta føra ein monolog som kommentator. Torbjørn Vidnes (Toby) vart plukka ut, då eg har registret at vi ofte er på linje i våre kommentarar. Han vart lausleg informert om det heile. Ola-E. Hofshagen hengde seg på utan heilt å vita kva han var med på, men han forstod nok det heile.

Nå ser det ut til at toget går av seg sjølv. Eg såg nett etter, og då hadde vi det magiske talet 333.

Ingen må bli fornærma for at dei var med og rosa keisarens ny klede. Det er berre slik vi menneske er. Og kan jo hende er den nakne keisaren ikkje så verst å sjå på, for alt eg veit. Andre likar å sjå på keisarinnas nye latexklede (ofte ganske små ;-) )

Arvid
(som ikkje seier nei takk til eit glas og to, men som fotograferar (ganske) greitt etterpå. )
Haiman A.

Hehe:)

::Haiman::
Arvid B.

Gå til bilde nr. 24560 så forstår du kva eg meinar...
Bjørn H.

Du er en gledespreder deluxe Arvid!!
Takk for at du er du!!

BH
Haiman A.

Ja jeg har sett på bildet. Jeg så så vidt over komentarene. Det var mye Haiman Askari der gitt. Jeg har ikke orket å lese gjennom det. Jeg skjønner at du skal slå rekorden min? Jeg kan godt ta ut bildet mitt slik at du får det mest besøkende hvis det gleder deg:) Jeg trenger det ikke.

::Haiman::
Arvid B.

Haimann...
Eg forstod snart at eg hadde satsa på feil hest, så rekorden uner eg deg heilt inn til beinet. Men det ser ut til at eg klarar ein fin personleg rekord. Ikkje så gale med eit slikt bilde. Bilder eg har lagt heile mi skjel i har berre fått 40-50 treff. Det er jo til å gråta av ;-)
Arvid
Haiman A.

Jeg skal personlig klikke 5 ganger på alle bildene dine jeg, Arvid:)

::Haiman::
Torbjørn V.

Syns alle bildene du har slått en rød strek over her fortjener mer enn 50 treff! Jeg tar opp tråden etter Haiman og skal personlig sørge for at du får 5 klikk fra meg også...hehehe...
Arvid B.

Haiman og Torbjørn...og alle andre.

Eg er på ingen måte ein treffsamlar. Eg er eit interessert menneske som lurer på kva som skjer rundt meg og kvifor. Men eg er jo glad for dei som vil sjå bilda mine. Det hjelper lite med mange klikk, om de forstår.
Arvid
Avsluttet .

At en fotodotter eller fotoson klikker på bilder av avkledde mennesker burde ikke være egnet til å forundre noen over 25, Arvid. Likeledes at de pubertalt infantile synes det er artig med alkohol, og derfor høster mange treff og svar på bilder som viser et glass øl el. l.
Det som forundrer meg mer er at du synes å ta det lett fornærmelig opp at du ikke genererer flere klikk på dine vanlige bilder, og at det er moro å spille på de mekanismer du mener å ha avdekket for å oppnå et høyt trefftall.
Snu litt på det, og tenk som så at ''enhver idiot er i stand til å oppdage at han er et geni når andre forteller ham det; kun den virkelig geniale er i stand til å oppdage det selv.'' Darwin P. Erlandsen i Dusteforbundet sa i hvert fall det, og det er ofte min trøst også, når bilder jeg synes jeg har vært flink med får en eller to lusne kommentarer. La bare massene lytte til populærmusikken fra syngedamer hvis eneste fortrinn er at de ser bra ut i undertøy og ikke har betenkeligheter ved å demonstrere akkurat det for all verden. Sjøl lytter jeg mest til Ella Fitzgerald, og mener jeg er heldig som liker musikk som solgte seg på de musikalske kvaliteter og ikke kjønn.
Ellers var det moro å chat'e med deg på en lørdagskveld, så FOTOCHAT bør kanskje komme?

Beste hilsen
OEH

Arvid B.

Ola-E..
Takk for hjelpa i mitt vesle stunt. Heilt einig med deg i det du seier, bortsett at eg tek det lett fornærmeleg opp.. osv.
Eg smiler av det..
Den formen for chat vi hadde passar betre for meg halvdyslektiske menneske. Eg fekk tid til å sjå over stavinga før eg trukte ENTER.
Arvid
Arvid B.

Ola-E.
Takk for hjelpa med det vesle stuntet.
Eg er ikkje fornærma(trur eg), og eg smiler av det.
Fotochat høyest interessant ut..(sjølv for ein semidyslektikar).

Eg har tenkt på å setja opp ein foto-ftp-server der det ikkje er restiksjonar på kor mange bilder ein får ha inne og der storleiken på filene er opp til den som legg bilder inn. Serveren er allereie fysisk på plass (under databordet mitt) og er kopla til internet 24h/d. For at dette ikkje skal utarta seg med alt for usamkelege bilder (sett med min etikk), må det vera som ein klubb der ein vert medlem etter ei vurdering. Eg driv å lagar eit program for Statens Næringsmiddeltilsyn som lett kan modifiserast til å takla ei slik oppgåve. Serveren har plass til ca 20000 bilder på 1 Mb kvar, så det vil gå ei stund før ein må avvisa seriøse medlemmer.
Meiniga er at andre kan henta dine bilder og du kan henta andre sine. I og med at det her vil dreia seg om bilder i full kvalitet, er nok dette ikkje noko for copyrightminded people ;-)
Det heile har ein brannmur og er skikkeleg pssordbeskytta.
Kva trur du om ein slik idé?

Arvid
Line Kristin W.

Ideen høres topp ut, Arvid!
Ser frem til å høre mer når tanker og ideer faller på plass.

Forøvrig synes jeg ''treff-testen'' var/er et interessant og artig eksperiment. At vi 'vet', betyr ikke nødvendigvis at en bekreftelse er uinteressant.

Kanskje Arvid og Ola-E skulle ta en kikk i menyen på Foto.no's hovedside, nærmere bestemt nr. seks... ;-D

- Line :-)
Arvid B.

Line.
Eg trur eg har sett det i ettertid. Chat??

Arvid
(nå heilt mållaus)
Torbjørn V.

En målbunden målmann? Går det ann?
Line Kristin W.

M-m.

- Line :-)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu