Måndag kveld var eg ein runde i Ålesund. Det vart litt seint, men eg kom over ein gjeng som heldt på å installere seg i eit lite rekkehus bak fjellet. Det er trongt om plassen, husleiga er høg, og det er tilløp til nabokrangel. Det siste paret som flytta inn, held framleis på med å møblere. Dei som kom først, driv berre og pyntar litt, og så kjeftar dei på naboane av og til. Kanskje eg kan vise ein nabofeide seinare.
Eg kom veldig tett på, så tett at eg måtte stige litt tilbake, for å få med alt med makroobjektivet, som eg brukte til dette. Eit par av dei som heldt på med møbleringa, måtte stadig fly forbi, for å sjekke kva slag type eg var.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_319708} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.