Waraofamilie på matauk.
Warao (båtfolket) er eit urfolk med territorium i austre Venezuela og vestre Guyana. Dei sentrale busetnadene for waraoane ligg i Orinocodeltaet med eit mindretal i naboområda i Guyana og Surinam. Det finst 20 - 36 000 waraoar, fleirtalet av dei nyttar sit eige språk som òg er kalla warao. Mauritiapalmen gjev bidrag til dietten og palmeblada er råvare for produksjon av eit sterkt fiber som mellom anna nyttast til hengekøyer og til kurvar som vi ser fremst i kanoen på biletet. Waraokulturen er framleis levande, men folket har naturleg nok vore under press frå økonomiske interesser i storsamfunnet, mellom anna petroleumsnæringa. Den norske staten med Statoil har i mange år vore representert i Sincor/Petrocedeño-prosjektet som produserer ekstra tung råolje og bitumen i Orinocobeltet ca. 2-300 km lengre vest i Venezuela, ca. 220 kilometer inn i landet sør for kysten av Det karibiske havet.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_458205} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.