Langfredag
Bleik på krossen heng han,
Gud lar det berre skje.
Ingen av dei som står og ser på
har makt til å ta han ned,
har makt til å ta han ned.

Ingen kjennest ved han,
mennesket, Herrens son,
Gud høyrer ikkje at Sonen ropar.
Jorda er utan von.
Jorda er utan von.

Opprørt spør han Far sin:
Har du forlate oss?
Svaret blir til i dødens einsemd:
Vår einaste von ein kross.
Vår einaste von ein kross.

Brått i dødens lysning
ser vi vår eiga verd.
Forhenget rivnar i Herrens tempel.
Det heilage kjem oss nær!
Det heilage kjem oss nær!

I dei mørke tider
stig lengt mot lys og fred.
Etter at våre rop har stilna,
først da kan Hans vilje skje,
først da kan Hans vilje skje.

Ut av dødens time
ropar han frelsa ut:
Kjærleiken som er større enn døden,
skal vise ein veg til Gud,
skal vise ein veg til Gud.

Edvard Hoem
Utstyr
  • -
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriPortrett
  • Lastet opp
  • Visninger106
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_459430} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Ole-Kristian T.
Stemningsfullt, velkomponert bilde i s/hv. Salmen var meget vakker, dessuten ny for meg..:)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu