Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_535816} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Her er det ein del bra og ein del å utsetja på. Uttrykk og komposisjon er bra, men utsnittet er for trangt nede slik at berre halve handa viser. Positur er bra og den litt høge kameraposisjonen fungerer fint her. Lyssetjinga er så vidt eg kan sjå eit hovudlys frå høgre og eit overlys. Etter mi meining er hovudlyset plassert for langt ut til sida og for lågt. Dermed får ein ikkje tilstrekkeleg fordeling av lys på andletet, og den berømmelege lystrekanten på skuggesida uteblir. Prøv å flytta hovudlyset litt nærare kamera til du får ein lysflekk på skuggesida av andletet samtidig som du hevar lyset slik at du får ein naseskugge under nasa. Etter mi meining er bakgrunnen også for mørk og utan liv. Eit bakgrunnslys hadde absolutt gjort seg. Du kan med fordel dempa overlyset også. Det distrahere litt for mykje synes eg. Stå på!
Arild N.
Ser at du har brukt eit innfyllingslys frå venstre og, så alternativet til å flytta hovudlyset er å skru opp styrken på innfyllingslyset litt. Prøv begge variantar og studer forskjellen.
Bjørn phillip C.
tusen takk for denne konstruktive kritikken, det mørke håndleddet skyldes av en vignetering som er satt på som en ramme rundt bildet, jeg er enig me hva du sier om høyden og den skarpe vinkelen på lyset, men et bakgrunns lys hadde ikke vært så bra pga bakgrunnen er bare et svart teppe. jeg skal eksperimentere med det harde topplyset.
tusen hjertelig for kritikken :) setter pris på det.
Mvh:Bjørn
Arild N.
Hei igjen. Sjølv ein svart bakgrunn treng lys - tru meg! Det skal ikkje så mykje til for å gje litt liv rundt modellen. Eg ser at du har etterbelyst bildet i hjørnene og det er heilt ok. Det eg sikta til er sjølve beskjæringa som gjer at halve handa vert kutta av.
Bjørn phillip C.
okok Dette må prøves!! tusen takk Arild!:)
Mvh Bjørn
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
tusen hjertelig for kritikken :) setter pris på det.
Mvh:Bjørn
Mvh Bjørn