Utstilling
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Fotografier i Odda

Odda Fotoklubb arrangere fotoutstilling på Odda Vitensenter frå 5. til 20. desember.
Pressemelding: Det er klubben sine eigne medlemmer som stille ut sine foto, i alt deltar 11 fotografer. Det er stor bredde med naturfoto, portrettfoto, dokumentarfoto og mykje meir. I tillegg blir det stilt ut gamle foto frå Odda saman med nyare foto som vise korleis Odda har utvikla seg, eit prosjekt som ein av klubbens medlemmer har jobba med i mange år.

Odda Fotoklubb blei stifta i 1973. På starten av 2000-talet blei aktiviteten lagt på is heilt fram til 2008 då fotoklubben starta opp igjen sin aktivitet. Fotoklubben i dag har fått stor aktivitet med fast klubbkveld kvar veke, og det er kome inn fleire nye medlemmer. I samband med att vi har starta opp vår aktivitet vil vi no visa fram bredda i klubbens fotoarbeid.

Fotoklubben arrangere utstillinga på Vitensenteret, tidlegare labben på smelteverkstomta, i samarbeid med Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Museet vil saman med nokon av klubbens medlemmer visa fram ei lita utstilling over gamle fotoapparat på opningsdagen 5. desember. I tillegg til utstillinga samarbeide fotoklubben og Vitensenteret om eit nytt mørkerom som komme på plass til våren.

Fotoklubben har jobba med dette prosjektet store delar av hausten, og håper å gjera dette til ei årleg hending. Det er først og fremst ei utstilling for å visa fram aktiviteten og bredda i fotoklubben og ikkje ei salsutstilling. Men om nokon kjem over eit bilete dei gjerne vil ha så skal nok det la seg ordna. Hjarteleg velkomen til utstilling i adventstida!
Renate Espe Aase -
Renate Espe Aase
Helge Søgnebotten -
Helge Søgnebotten
Aleksender Berdal -
Aleksender Berdal

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu