Helge Brandal

Når Brandal ser i søkeren får han en ro og tålmodighet han ellers ikke opplever.
Hvor lenge har du vært medlem på foto.no?

- Eg har vore aktiv medlem sidan 2007, men fulgte med på nettstaden eit par år før det.

Kan du fortelle litt om bakgrunnen din som fotograf?

- Interessa starta tidlig på 70-talet då eg fekk mitt første kamera av min far. Bildar på platecover var på den tida ein stor fascinasjon, det hendte eg kjøpte plater utan at eg lytta til musikken i det heile.

- Interessa har eg hatt heile vegen, men utøvelsen har vore av og på. Frå 2005 har foto tatt omtrent like mykje plass som jobben min. Det er først og fremst naturfotografi som opptek meg mest, men eg likar alle kategoriar. Naturen her eg bur har forma meg mykje som fotograf, dei omskiftelege stemningane i været og den ville fjellnaturen sluttar aldri å fascinere meg.

Hvordan vil du selv beskrive deg som fotograf?

- Når eg ser i okularet får eg ei ro og eit tålmod eg ellers ikkje har og derfor er foto sikkert ein nødvendig form for terapi. Spanande former, dei små og store effektane av lys og stemning er det som triggar meg, uansett situasjon ser eg etter dette om eg vil eller ikkje. Eg er på det stadiet at eg ikkje kan legge til sides leiting etter motiv, uansett kvar eg er eller kva eg gjer så er heile tida det ein stor del av bevistheita mi. Tidligare var eg minst like opptatt av etterbehandling som sjølve bildet, men etterkvart eg har modnast har eg blitt meir trygg på måten eg behandlar motiv og kamera når bilde blir teke og følgelig blir det mindre, men meir presis etterbehandling.

Kan du fortelle litt om hvilke grep du har tatt for å komme der du er i dag som fotograf ?

- Litteratur og magasin har sjølvsagt vore viktig for meg og eg les fortsatt mykje. Workshops og kurs har det blitt lite av men står på lista over ting som skal prioriterast framover.

Hva inspirerer deg som fotograf?

- Eg finn mykje inspirasjon hos andre fotografar, sjølv om eg ikkje kopierar direkte andre sine metodar så blir eg inspirert av tilnærminga gode fotografar har til det dei gjer. Ellers er inspirasjon noko som kan triggast av veldig ulike ting, det er ikkje noko som ligg fast til ei kvar tid.

Hvilke ambisjoner har du som fotograf?

- På mange måtar er eg heldig som ikkje har foto som yrke og kan derfor bestemme min eigen utøvelse stort sett som eg vil. Eg har stor interesse for gatefotografi og det er noke eg vil bruke meir tid på framover. Portrettfoto og skildre menneskjer er noko eg ikkje har fått brukt nok tid på, men har for tida gåande eit prosjekt som eg håper skal stå ferdig til neste sommar.

- Eg har planar om å delta meir i fotokonkurransar framover, sjøl om eg ikkje meinar at foto er ei naturlig og lett målbar form så trur eg at det kan vere lærerikt. Ellers har eg planar om ei utstilling neste år, eg har blitt spurt nokre gangar og har kome fram til at tida snart er inne for det.

Hvilke fotografer inspirerer deg?

- Nick Brandt og Ragnar Axelsson er kanskje dei som inspirerer mest for tida, dei har denne utrulige evna til å skape nærheit til motiva som gjer det så spesielt.

- Her på foto.no finnes det mange som har inspirert meg, for eksempel Ivan Holmedal, Dag Thrane, Rolv Støa, Tom Tveitan, Thorfinn Bekkelund, Paal Audestad, Knut-Sverre Horn og ikkje minst Carsten Arnholm. Kanskje urettferdig å nevne nokre for det finns veldig mange gode fotografar her.

Hvor mye tid bruker du på å fotografere?

- Eg vil tru at det blir 8-10 timar per veke i snitt. Det varierar sjølvsagt med arbeidssituasjonen. Skulle sjølvsagt ha tenkt meg meir tid, men eg er nokså fornøgd med slik det er.

Har du noen fotoprosjekter du planlegger eller ønsker å jobbe med i fremtiden?
- Som nevnt lenger oppe har eg gåande eit prosjekt der eg vil portrettere folk i naturlige omgivelsar. Ellers står Grønland og Svalbard på planen over ting som skal gjerast, forhåpentligvis i nær framtid.

Kan du fortelle litt om hvordan du jobber med et konkret fotoprosjekt (eller bilde) fra ide til ferdig resultat?

- Dei fleste prosjekta blir til som følgje av inspirasjon av andre fotografar eller stadar/situasjonar eg har vore i som har gjort eit inntrykk. Det er svært lærerikt å gi seg sjølv prosjekt der ein er bestemt på kva resultatet skal bli, slik disiplinerar eg meg og gjer at eg blir tryggare på korleis eg går fram. No i det siste har prosjektet vore kveldslys i nokre bestemte fjellområdar.

Hvilket fotoutstyr bruker du og kan du fortelle litt om ditt forhold til utstyr?

- Eg er ikkje spesielt merkeavhengig. Av utstyr som blir brukt no kan eg nevne Canon, Olympus OM-D og Fujifilm X-E1. Eg har veldig lyst til å ta i bruk analogt mellomformat, men foreløpig er tida begrensninga for akkurat det.

Kan du fortelle litt om ditt forhold til det digitale fotografiet?

- Den digitale revolusjonen har betydd alt for meg, både arbeidsflyt og bruk blei veldig mykje enklare og eg trur ikkje eg hadde vore like engasjert i dag utan.

Kan du beskrive den selvvalgte portfolioen du har valgt?

- Eg finn det alltid vanskeleg å ta fram bildar som betyr meir enn andre. Derfor har eg valgt relativt nyare bildar som viser lit av det eg har holdt på med dei siste par åra.

Har foto.no på noen måte hjulpet deg til å bli en bedre fotograf?

- foto.no har betydd veldig mykje for meg, frå eg starta min digitale tidsalder i 2005 og fram til no har nettstaden vore ei kilde til læring og inspirasjon. Ein kan trygt seie at foto.no har vore hovedinspirator for meg.

Hvordan kan foto.no bli et bedre nettsted for fotografi i fremtiden?
- foto.no har blitt betre og betre på eigenprodusert stoff, samt at det redaksjonelle har blitt bra og framstår vel i dag som ledande på dette i Norge.

- Når det gjeld galleria så trur eg det må ei fornying til for å auke deltakinga frå etablerte fotografar. Dei fleste av oss har eit konkurranseinstinkt og treng noke å strekke seg etter. For nokre år sidan hadde galleriet noke som heite «ukens bilde». Eg trur at noke i den bane kunne auke litt interesse, samt at kanskje nettstaden sjøl valgte seg ut «Redaktørens favorittar». Dette er eit tema som har skapt mange og lange debattar på forumet, men eg trur at slike løysningar kunne gjere galleriet meir spennande, i alle fall for brukarane.
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal
Helge Brandal -
Helge Brandal

Brukere Brukere:
Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Bente S.
Flott intervju og nydelige bilder Helge!
2.11.2013
Tove H.
Interessant/inspirerende intervju og veldig fine bilder.
6.10.2013
Helge .
Takk Henning og Ulv, jeg er veldig glad dere likte det.
4.10.2013
Ulv S.
Et vel fortjent brukerportrett dette. Det som for meg kjennetegner dine bilder er renheten, det estetiske utrykket og lyset , du har en egenart man sjelden ser her inne...lykke til videre!

Ulv
4.10.2013
Henning S. P.
Veldig fine bilder, og et interessant intervju. Inspirerende å lese hva andre tenker om sitt eget arbeid.

Henning
4.10.2013
Helge .
Takk skal dere ha, det kom totalt overraskende på meg at foto.no ville portretere meg og jeg er mer enn en smule stolt ;)
3.10.2013
Thomas N.
Flott intervju, knallbilder som er valgt ut!
3.10.2013
Ketil H.
Jordnært og inspirerende intervju.
Hyggelig lesning.
Gode, gjennomtenkte og harmoniske bilder.
3.10.2013
Ivan H.
Flotte bilder, Helge! Ser frem til mer Sunnmørsnatur :)
3.10.2013
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu