På kanten av stupet.
Ekstremsportveko 2014. Downhill kajakk i Myrkdalselva. Finale. Fremst på ein bergnabbe, høgt over fossen, kunne eg fylgja den spennande finalen i elvepadling. For oss som ikkje kan dette, var det ufatteleg at nokon våga å sette utfor. Det var fantastisk å sjå korleis dei leika seg nedover i den strie straumen. Men då Kamilla mista kontrollen i den frådande fossen, var det med hjarta i halsen eg fotograferte vidare. Sekundane kjendest som timar, berre den kvelva båten var å sjå. Men endeleg, eit stykke nedanfor, kunne me sjå at ho fekk tak i eit redningstau og kom seg i land. Sjølv opplevde ho det ikkje som dramatisk, og gleda over sporten var mykje større enn nederlaget!
  • 01
  • 02
  • 03
  • 04
  • 05
  • 06
  • 07
  • 08
Åpne uskalert versjon i eget vindu