Julebildet er fra jula 2008 i Lübeck.
Lübeck er ein hamneby ved Austersjøen nord i Tyskland ved elva Trave og den nest største byen i delstaten Schleswig-Holstein med om lag 215 000 innbyggjarar. Han var i fleire hundreår «hovudstad» i Hansaen og på grunn av dei gotiske mursteinshusa er han på UNESCO si verdsarvliste.

Gamlebyen i Lübeck ligg rundt elva Trave, medan Elbe-Lübeck-kanalen knyter Trave til Elbe. Ei anna viktig elv nær sentrum av byen er Wakenitz. Autobahn 1 går frå Lübeck til Hamburg og Danmark. Bydelen Travemünde er ein feriestad og ferjehamn ved kysten av Austersjøen.

Litt Historie av Lübeck.
Området rundt Lübeck vart busett alt like etter siste istid. Ein har funn fleire steindysser frå steinalderen i området. På 600-talet byrja slavarar å kome til dei austlege områda av Holstein, som tidlegare hadde vore busett av germanske stammer før desse flytta på seg under folkevandringstida. Tidleg på 800-talet prøvde Karl den store å kristne saksarane i området, men då desse var motvillige dreiv han dei bort og erstatta dei med obotrittarar, som var hans allierte. Desse grunnla busetnadane Reric og Liubice ved breidda av Trave, om lag 6 km nord for dagens sentrum av Lübeck. På 900-talet vart han den viktigaste busetnaden for obotrittarane og det vart bygd ei borg. Busetnaden vart brend til grunne i 1128 av hedenske slavarar frå Rügen.

Den moderne byen vart grunnlagd av Adolf II, greve av Schauenburg og Holstein, i 1143 som ein tysk busetnad på ei halvøy. Han bygde ei ny borg som først vart nemnd av Helmold i 1147. Adolf måtte avstå borga til Henrik Løve i 1158. Etter Henrik sitt fall i 1181 vart byen ein fri keisarby i åtte år. Keisar Barbarossa gav byen eit bystyre med tjue medlemmar som varte til ut på 1800-talet. Dette rådet var dominert av kjøpmenn og dette gjorde at politikken i Lübeck vart dominert av handelsinteresser dei neste hundreåra.

Byen og slottet skifta eigarar i ein periode etterpå, og vart ein del av Hertugdømet Sachsen fram til 1192, av grevskapet Holstein fram til 1217 og ein del av Danmark fram til slaget ved Bornhöved i 1227.

Bette er et bra bilde av en glad musikkant på gata i Lubeck i .
Bildet inngår i albumet Lübeck -
Utstyr
  • Canon 400D
  • Sigma 18-200mm
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriReise
  • Lastet opp
  • Visninger96
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_361287} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (0)
Vær den første til å glede fotografen med en kritikk på dette bildet!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu