Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_555626} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Hei, Karina.
Har sett på dei tidlegare bileta dine.
Biletet av ringen er veldig flott både som idè og reint teknisk.
Dette biletet av flyvenga finn du i hundre tusen fotoalbum, tatt med speilrefleks, kompaktkamera eller eingongskamera, og dei ser stort sett like ut. Skal du ta bilete av ein gjenstand (til dømes ei flyvenge), så gjer det frå eit perspektiv/synsvinkel som folk vanlegvis ikkje ser frå. Ver kreativ med synsvinkelen. Dette biletet er vel teke frå den synsvinkelen alle har sett ei flyvenge, og det blir difor veldig lite interessant.
Det andre eg vil kommentere er titlane på bileta. Ein tittel kan tilføre biletet mykje meir, dersom han er snedig og fantasifull. Ikkje kall biletet av ringen for "ring og hjerte". Du stel formidlinga frå biletet, det er jo biletet som skal vise at det vert danna eit hjarte der, ikkje teksten under. Tittelen på dette biletet er enda verre; både tittel og beskrivelse av biletet gir det eit ferie-album-preg, og det er IKKJE det du vil med bileta du legg ut her. Bilete som du skal vise fram skal anten vera bra eksponerte/komponerte og/eller vera snedige/ha ei ekstra dybde/dimensjon. Vi er ikkje interesserte i feriebileta dine, vi vil du skal vera kreativ og jobba med å få mest mogleg interessante, og ja, teknisk gode bilete.
Om du ser på mine bilete, er det klart ei utvikling frå dei første til dei siste bileta. Portrettbileta mine prøver eg å få så profesjonelle som mogleg med utstyret eg har. Dei andre prøver eg å vera kreativ med synsvinkel og/eller lukkertid etc.
Håper du ikkje tek dette som sur kritikk. Eg ser du har talent; det er supert at unge folk prøver å ta bilete, men håper du tar tilbakemeldingane til deg, så gler eg meg til å sjå utviklinga.
Helsing Kjetil :)
Karina M.
Takk :) Det er jo tatt fra setet der jeg satt i flyet. Jeg kan ikke så mye om foto eller noe, tar bare hobbybilder og dette bildet var for minner osv :) Men takk for tipset!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.