Fjellerka førekjem i opne landskap og i fjellet over tregrensa. Ho er ca 1619 cm lang. Til forskjell frå dei fleste andre lerkeartane har ho ein kjenneleg utsjånad på marka, mest brungrå på oversida og lys under, med ei karakteristisk teikning i svart og gult i ansiktet. Hannfuglen og hofuglen er elles nokså like, men berre hannfuglen får svarte «horn», to fjørbuskar på hovudet om sommaren. Den søreuropeiske underarten penicillata er gråare på oversida og har kvitt i staden for gult i ansiktet. Reiret ligg på marka med 25 egg. Føda er frø som vert komplettert med insekt i hekkesesongen.
Arten fanst ikkje i Norden før 1800-talet. I Noreg har populasjonen gått tilbake dei siste åra, utan at ein veit årsaka. Derfor står arten på raudlista som nær trua. Storleiken på populasjonen her er under 10 000 par.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_617657} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Mvh Svein
bra dokumentasjonsbilder og litt mer en det å.