Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
kvistfri og ferdig til fløytebruk
for hage små gutehender.<p>
Tonen kjem smygande, mjuk og var,
aukar i kraft og får døyvde svar
langt borte fra andre grender<p>
Solgylt og djum med ein eim av vår,
slørd som i lengt og vemodig sår,
han skiftande stig og bårar.<p>
Gåta om livet ligg løynd der i
jordbundne krefter som gjer seg fri,
løyst ut gjennom tusen vårar.<p>
Småfuglen lagnar i skogen då,
undrande sit han og lyder på
og gløymer seg lange stunder.<p>
Barnet som stabbar i garden ler,
undrar seg på kva vel dette er
for spelande blankt vedunder.<p>
Frostvar på tun står ein gamal mann,
minnest den gongen då også han
sprang berføtt i fjell og finne.<p>
Tonane leikar i hugen hans
augo står fjerre med dimslørd glans
mot barndomens bleike minne.<p>
Jakob Sande
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_86906} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Hej Inga!
Tycker du komponerat bilden bra, du har valt en diagonal komposition, den ger i mina ögon en harmonisk inryck, du har fått en bra skärpa i bilden.
mvh/Christer
Ivar E.
Einig med Christer i at komposisjonen er fin og harmonisk. Bakgrunnen er behageleg ute av fokus og framhevar motivet, men eg skulle gjerne sett det endå skarpare. Eg trur også det kanskje kunne blitt betre dersom alle tre gåsungane var like mykje i fokus, eventuelt at ein av dei var det tydelege fokuspunktet. Det kunne du endra med å f.eks. flytte litt på kamera eller bruke ei mindre blendaropning.
mvh, ivar
Bergliot E.
Flott bilde med fine detaljer. Fin dus bakgrunn. En flott tekst du har knyttet til bildet. BRA!!
Bergliot:)
Inger-Lise S.
Et nydelig bilde med herlig diffus bakgrunn.Fine fargenyanser.
Og fint dikt av Jakob Sande:)
Mvh Inger-Lise:)
Inger-Lise S.
OOps! Jeg likte bes v#2 her:)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tycker du komponerat bilden bra, du har valt en diagonal komposition, den ger i mina ögon en harmonisk inryck, du har fått en bra skärpa i bilden.
mvh/Christer
mvh, ivar
Bergliot:)
Og fint dikt av Jakob Sande:)
Mvh Inger-Lise:)